top of page

Bra, men ikkje godt nok


Religiøse muslimar (eg er sekulær muslim) demonstrerte mot ISIL og dei norske støttespelarane deira. Fint. Eit godt utgangspunkt! Men eg ser framleis mange ting som må kritiserast fordi eg ynskjer at dette vert eit vendepunkt som markerer ei endring i haldningane hjå religiøse muslimar.

Appellantane under demonstrasjonen bar med seg sin politiske agenda. Sjiamuslimar heldt talar mot ISILs terror. Men vi må hugsa at å ta avstand frå ISIL tyder ikkje at ein er forkjempar for menneskerettar og rettferd. Spørsmålet er: Ut frå kva verdigrunnlag tek ein avstand frå ISIL? Frå ståstaden til menneskerettane? Eller frå ein religiøs ståstad?

På same måte burde sjiamuslimar som tala på demonstrasjonen også teke avstand frå terroren mot sivile som den sekteriske sjiaregjeringa gjer mot sivile sunnimuslimar i Irak.

Sunni-imamane, Islams råd og forstandaren i Rabita-moskeen burde ha teke avstand frå ekstremismen til den åndelege leiaren deira Yousuf Al-Qaradawi: Han har gjeve mange fatwaer der han oppmodar til kamp mot sjiamuslimar. Dette har bidrege sterkt til ein sekterisk borgarkrig i Syria og Irak.

Det vert såleis for enkelt berre å kritisera ISIS. Appellantane og demonstrantane burde teke for seg alle ekstremistane i denne konflikten. I årevis har no både sjiamuslimar og sunnimuslimar drive ein forferdeleg blodig borgarkrig mot kvarandre som ikkje kan kallast anna enn ekstremisme. Og alle skyt seg inn under religiøs støtte i islam. Ingen tok opp dette under demonstrasjonen. Det er for meg uforståeleg.

Al-Qaradawi er kritisk til ISIL-kalifatet, men han vil sjølv skipa det islamske kalifatet. Kvifor var det ingen som tok opp det under demonstrasjonen? Kalifatet kolliderer med menneskerettane og demokratiet. Eit kalifat er ekstremisme sett i system.

Demonstrasjonen var difor for avgrensa. For meg var det spel for galleriet.

Men likevel er det betre å demonstrera enn å halda fram med å vera tagal. Difor får vi vona at det er ein ny start, og at vi neste gong ser imamar som demonstrerer for eit absolutt skilje mellom politikk og religion. Det er det som tyder integrering. Det er det som er vona vi alle leitar etter.


bottom of page