top of page

Eit vitnemål mot hijab


Merete Hodnes avvising er ikkje eit åtak på religions-fridomen,

men ei avvising av ein politisk aksjon frå Malika Bayan.

Eg vart kontakta av statsadvokaten i Stavanger med spørsmål om eg ville vitna i saka om frisøren som nekta å klyppa ein kunde som hadde hijab. Eg svara aldri på spørsmålet. Eg ville ikkje vitna i denne saka. Eg er lei av å verta skulda, mistydd og kritisert av hijabstøttespelarar ? om det så er islamistar eller folk på venstresida.

Men til slutt kom politiet på døra, identifiserte seg og sa at det var mi plikt å stilla opp som vitne. Vitnemålet mitt vart difor gjeve over telefon frå heimen min. Her kjem ein nedkorta versjon av det eg fortalde til Gulating lagmannsrett tysdag denne veka:

Statsminister Erna Solberg sa i nyttårstalen at vi må behandla hijabkledde kvinner godt. Eg meiner det same som statsministeren. Det er viktig å visa toleranse for menneske. Men eg meiner samstundes at vi har ei moralsk plikt til å kritisera bruken av hijab. Spørsmålet om hijab er betent, basert på sterke kjensler, men liten kunnskap.

Men no vil eg forklara dette emnet etter beste evne. Og det er viktig å nemna at eg ikkje snakkar i favør av

Merete Hodne, for eg kjenner ikkje henne. Og eg er ikkje imot Malika Bayan, for eg kjenner ikkje henne heller. Dei er mine medborgarar. Eg ønskjer dei begge alt godt.

Først vil eg seia at eg i boka Rasisme forklart for barn, som kom ut i 2001, sjølv forsvarte hijaben. Men seinare, etter islamismens frammarsj, innsåg eg at hijaben ikkje berre er ei anstendig klesdrakt som uttrykkjer at ein person er from, men han vert òg brukt som reiskap for forkynning av islam.

Tradisjonelle klede

I hundrevis av år har muslimske kvinner brukt tradisjonelle klede som dekkjer hår og kropp. Men Koranen, religionen, har ikkje kome med bestemte klesdrakter eller faste reglar om korleis kvinner bør kle seg. Berre at kvinner må dekkja brystet fordi kvinner før islam viste venleiken med å pynta seg og visa brystet.

Koranen har berre tre vers om kvinneklede. Desse tre versa kan tolkast på ulike vis: Somme meiner at kvinner må dekkja kroppen, andre tolkar same vers slik at kvinner berre må dekkja brystet, medan andre meiner at kvinner ikkje bør sjå menn og menn ikkje bør sjå kvinner.

Men i praksis var profeten Muhammed open for at kvinner ikkje dekkjer håret, og han tok med seg kvinner til krig og jihad.

Likevel har muslimske kvinner dekt hår og kropp. Dei brukte såkalla anstendige klede.Kvinner i Iran brukte shador. Når vi ser ei kvinne som har shador på seg, forstår vi at denne kvinna er ei muslimsk kvinne frå Iran. Shador signaliserer den iranske kulturelle og nasjonale tilhøyrsla.

Kvinner i Irak bruker abaya. Når vi ser ei kvinne som har abaya på seg, seier vi at ho er ei muslimsk kvinne frå Irak. For abaya er ei nasjonaldrakt i Irak og signaliserer ei kulturell og nasjonal tilhøyrsle.

Når vi ser ei kvinne med pusji på seg, seier vi at denne kvinna er ei muslimsk kvinne frå golf-landa. Har ei kvinne qaftan på seg, høyrer ho til marokkansk kultur.

I Afghanistan bruker kvinner burqa, i Tyrkia bruker kvinner sjal. Dei tradisjonelle klesdraktene signaliserer kvar du kjem frå kulturelt og nasjonalt.

Modernisering

Etter fyrste verdskrigen vart kulturen mange stader i Midtausten modernisert. Kvinner byrja å kasta sløret. Denne moderniseringa fekk ein motreaksjon. Det kom påbod om at kvinner måtte dekkja håret. Drakter som dekte hår og kropp, kalla dei hijab. Kvifor brukte dei ordet hijab, og ikkje andre ord om klesdrakta som til dømes khimar? Kvar kjem hijab frå?

Det har ei historie. Profeten Muhammed ? gud velsigna han, og dykk òg ? inviterte folk til ein bryllaupsfest i profetens hus. Han serverte folk mat. Dei unge muslimske mennene som var på festen, snakka med profetens koner, Aysha og Hafsa. Dei unge mennene åt og ville bli sitjande. Dei ønskte ikkje å gå heim att. Det var meir interessant å snakka med konene. Dette såra profeten.

Etter denne hendinga synte Gud seg, og i eit nytt vers i koranen gav profeten ordre om å laga eit forheng, å hengja ei gardin mellom menn og kvinner. På arabisk heiter gardina hijab.

Hijab vart brukt av kjende fridomskjemparar som skjellsord for kvinnas klesdrakt som dekkjer hår og kropp og isolerer henne frå samfunnet. Målet var å mobilisera muslimane mot klesdrakta som segregerte kvinnene.

To muslimske statsleiarar hadde moderniseringsprosjekt: Atatürk i Tyrkia og Resa Sjah i Iran. Dei prøvde begge å forby slør, tilsvarande mannlege hovudplagg og religiøse symbol. Men, i byrjinga av det tjuande hundreåret byrja også kvinnefrigjeringsrørsler å kasta sløret og kjempa for at kvinner skulle få innpass i utdanning og i lønsarbeid.

Atatürk i Tyrkia avskaffa kalifatet i 1924. Kalifatet er det teologiske regimet der ein kalif styrer landet.

Den muslimske

brorskapen

Fire år etter vart Den muslimske brorskapen stifta som ein reaksjon på denne moderniteten. Organisasjonen kom med ein ideologi som vil oppretthalda kalifatet og eit samfunn som er kjønnsdelt. Dei laga ei drakt som ikkje liknar andre, tidligare drakter. Dei brukte det som uniformering og symbol på ein ideologi. Dei brukte ordet hijab for å seia: «Hijaben som de modernitetsforkjemparar ser på som ein kjønnssegregeringsreiskap, denne hijaben står vi for.»

Ordet pakkis vart brukt av rasistar. Eg brukar ordet pakkis og svarting for å gjera orda ufarlege. Same tenkjemåten brukte islamistane om ordet hijab. Eit skjellsord om segregering vart brukte for å seia «Vi står for segregering. Vi er stolte av dette.»

Denne hijaben vart såleis ikkje berre ei klesdrakt som dekkjer kropp og hår, men eit politisk symbol. I Egypt, under president Sadats regjering, verva islamistane kvinner som kom frå landsbyane til Kairo for å studera.

Desse kvinnene bar ei egyptisk, tradisjonell klesdrakt. Kvinnene som vart verva, kasta så den tradisjonelle drakta og byrja bruka hijab i Den muslimske brorskapen. Slik vart hijab eit symbol på forkynning, eit symbol på ei politisk rørsle og eit symbol på eit politisk system som styrer samfunnet med sharia-lova. Det var ikkje berre for å dekkja kropp og hår.

Islam og politikk

Islamistane seier: «Islam og politikk har frå byrjinga av vore tett fletta saman.» Dei seier at islam er éin pakke. Opnar du pakken, finn du politikk og religion. «Take it or leave it.»

Det vil seia at politikk og religion er sameint og ikkje kan skiljast frå kvarandre. Akkurat på same måten som når vi i Vesten, seier at menneskerettar er éin pakke. Ein kan ikkje skilja ytringsfridom frå religionsfridom, ein kan ikkje skilja demokratiet frå fridomen til individet. «Take it og leave it.»

Kvifor er hijaben så viktig for islamistane? Her må vi skilja mellom religionen islam og islamisme som politisk ideologi.

Den muslimske brorskapen er den fyrste islamistiske organisasjonen, og han kjempar mot nasjonalisme og modernisme i Midtausten. Hijaben vert her brukt som «våpen». Hijaben slettar alle kulturelle trekk og alle nasjonale trekk i islam. I dag kan vi ikkje sjå om ei kvinne som brukar hijab, kjem frå Irak, Pakistan, Irak, Iran eller Tyrkia. Å verdsetja kultur eller nasjon er like farleg for islamistar som å dyrka fleire gudar.

Kva er målet med å bruka denne hijaben? Då må vi læra litt om måten islamistane tenkjer på. Når nordmenn ser 50 innvandrarkvinner på gata, utan hijab og med vestlege klede, vil ein ikkje leggja merke til dei. Dei er akkurat som alle andre norske kvinner, kanskje berre med ein litt annan hudfarge.

Men når nordmenn møter 50 kvinner med hijab, vil det festa seg i nordmenns medvit at desse kvinnene er ulike dei sjølve, at dei eksisterer, at dei har ein religion, ein bodskap, at dei er sterke og at dei står for religiøse krav.

Religiøs tilhøyrsle

Mange norske forskarar seier noko anna. Dei seier, basert på samtalar med kvinner som brukar hijab i Noreg, at hijaben er eit symbol på religiøs tilhøyrsle. Men at hijaben berre er eit religiøst symbol, overtyder ikkje oss sekulære muslimar. Om hijaben er eit påbod, ville alle kvinner ha brukt hijab. Men moderate muslimar vel ei liberal tolking. Islamistiske og fanatiske muslimar vel strenge tolkingar som stadfestar bruk av hijab.

Linda Sarsour, Muslim Brotherhood-Hamas operative

Er Bayan islamist? Det veit eg ikkje. Det er irrelevant i saka. For å vita om ho er prega av det politiske islam, altså islamisme, må ein ha ein samtale med henne. Dei bileta ho har på nettet og i media, fortel at ho brukar ein hijab som verken signaliserer kulturell eller nasjonal tilhøyrsle. Ut frå bileta veit vi ikkje om ho er norsk, pakistansk, arabar eller persar, men hijaben hennar er eit signal på islamisme og sharia. Men det finst òg fotografi som viser det motsette når ho har på seg hijab med rosa farge. Kanskje kjenner ho ikkje til skilnaden.

Det som står for meg som eit mysterium, er kvifor ei religiøs, muslimsk kvinne som held seg til hijab, vel ein frisørsalong der menn kan koma og sjå håret hennar når ho vert klypt. Ingen teolog, ingen religiøs lærd, ingen imam i Oslo eller rundt i verda erkjenner ei slik åtferd som muslimsk.

Denne artikkelen ble publisert først på Nettavisen den 23.02.2017


bottom of page