EX-MN BLOGGERS

EX-MUSLIM BECAUSE

o-v6wR75_400x400.jpg
37878898_1814428635314966_7029393323471142912_n.jpg
38013991_1823283944429435_58422822599854
Skjermbilde 2018-12-04 kl. 17.57.13.png
editors-chioce.png

Den muslimske brorskapen måtte ut

August 21, 2013

 

Mohammed Mursi og Den muslimske brorskapen har kome til makta av di folk, i ein revolusjonsaugneblink, røysta på dei. Det var ikkje berre islamistar som gjorde det, men òg nasjonalistar, sekulære og liberale egyptarar. Grunnen var at folk frykta at Ahmad afiq, den konkurrerande kandidaten til Mohammed Mursi, ville vinna valet og dimed halda oppe det gamle regimet. Det var 13 millionar som ved valet førde Mohammed Mursi og Brorskapen til makta i eit demokrati der folket vona at Brorskapen ville skaffe dei brød, fridom og rettferd.

 

Men i laupet av eitt år har Brorskapen teke frå folket vona. Regjeringa var samansett av folk der gudstrua var viktigare enn realkunnskap. I staden for at

 

Mohammed Mursi vart president for egyptarar, vart han president for Brorskapen. Han har gradvis freista å innsetja sine eigne i statsinstitusjonar for å dominera staten.

 

Atter vonløyse

 

Han har derimot ikkje makta å gje folk von om at regjeringa hans kunne finna løysingar på arbeidsløysa eller mangelen på straum og vatn. Han har heller ikkje kome med eit grunnlovsframlegg alle partane kunne verta samde om. Tvert imot laga han ei grunnlov som høyrer til mellomalderen og som berre islamistane jubla for.

 

Dessutan har Brorskapen bidrege til å spissa den sekteriske konflikten i Midtausten mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar. For fyrste gong har vi opplevd at mange i Egypt ser på sjiamuslimane som vantru.

 

Såleis har mange av sjiamuslimane i Egypt, som er i mindretal, vorte utsette for forfylgjing. I vår vart fire sjiamuslimske teologar – ein av dei er den mest kjende sjiaimamen i Egypt, Hassan Shahata – drepne av store massar på ein grufull måte i Giza utanfor Kairo. Gå inn på YouTube og søk på «Hassan Shahata» og sjå lynsjinga sjølv.

 

Forfylgjer

 

Utanfor Egypt har dessutan leiarar i Den muslimske brorskapen oppfordra til hat mot sjiamuslimar. Muslimbroren Al-Qaradawi oppfordrar sunnimuslimar til å dra til Syria, ikkje for å stø den folkelege motstanden mot despoten Assad, men «for å drepa sjiamuslimar».

 

Mursi har dessutan fleire gong-er, mellom anna til sjeik Aiman Saidah, ein av dei mest kjende teologane i Egypt, den 15. mai i år, fortalt at sjiamuslimar er farlegare for islam enn jødane.

 

Og Mursi har fleire gong-er gjeve uttrykk for at Egypt kunne koma til å ta del i jihad, altså heilag krig, for å velta Syrias regime. Ein eventyrpolitikk som utset hele regionen for risiko, særleg av di Egypt aldri har vore ein del av den sekteriske konflikten i regionen, korkje i Nassers, Sadats eller Mubaraks tid. Oppsummert er det tydeleg at Brorskapen har brukt demokratiet og regjeringsposisjonen sin til å islamisera Egypt.

 

Opponerer

 

Men Egypt ber mange identitetar: islamsk, middelhavskultur, arabisk, koptisk, afrikansk og faraoisk. Men Brorskapen ønskjer berre å framheva éin identitet: den islamistiske sunni-identiteten.

 

Dette er grunnen til at titals millionar over heile Egypt til slutt sa at nok var nok og tok til gatene for å demonstrera mot Brorskapen og for at dei skulle gje får seg makta.

 

Alle freistnadene som forsvarsministeren gjorde på å innlema opposisjonen og forsona makta med folket, vart avviste. Populariteten til Brorskapen fall frå 70 prosent før valet til 30 prosent eitt år etter valet.

 

Difor måtte dei militære til slutt gripa inn og omsetja folkeviljen. Det same som dei militære hadde gjort då opprøra og den arabiske våren starta i Egypt: Dei militære allierte seg med folket og avsette Murbarak.

 

Det var umogeleg at ein skulle venta til neste val. Då ville Brorskapen ha islamisert alle institusjonane i Egypt, slik som i Iran etter 1979. Der kom presteskapet til makta ved eit demokratisk val. Men dei starta gradvis å islamisera maktapparatet og kontrollerte vala for på den måten å sikra seg makta ved kvart val.

Ikkje demokratisk

 

Islamistane er ingen demokratar, men nyttar demokratiet som eit instrument som skal føra dei til makta. Då den islamistiske Frelsarfronten i Algerie vann valet i 1991, erklærte leiaren Abbass Madani: «I dag avsluttar vi demokratiet og starter islams makt.»

 

Omstenda har endra seg sidan 1991, men Brorskapen har ikkje endra dei religiøse verdiane dei opererer innanfor. I handling hadde Mursi same mål som i Algerie. For dei er ikkje revolusjon det same som ei radikal endring av systemet og innleming av moderne verdiar som menneskerettar der alle borgarar er likeverdige, men å styra landet etter islams lover.

 

Var det noko alternativ til at dei militære greip inn? Nei, då ville Brorskapen berre halde fram med å islamisera landet. Innblandinga til militæret er ikkje eit nederlag for demokratiet, men for Brorskapen. Eit demokrati er ikkje berre val-urnene, men eit djupt og omfattande sett av fridom, rettar og verdiar som enno ikkje er rotfeste i den islamistiske tradisjonen.

 

Det er tragisk at så mange no blir drepne av militæret. Vi får i all fall vona at begge partar opptrer fornuftig.

 

Vil vi no få ein borgarkrig? Nei. Brorskapen har ikkje nok stønad i folket til det. Det er for få egyptarar som vil ofra livet for den islamistiske utopien. Men Brorskapen kjem til å mobilisera islamistar dag og natt og under påskot av «demokratisk legitimitet». Så valden vil halda fram, særleg om Vesten gjev Brorskapen signal om at dei representerer den legitime makta i landet.

 

Men denne legitimiteten har dei skusla bort med sin antidemokratiske haldning. Dette er mitt kjære Midt-Austen. Er din lagnad evig konflikt?

 

Denne artikkelen ble publisert først på avisen Dag og Tid 23.08.2013

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload